Lørdag 27. april vert det arrangert keepertrening for alle interesserte spelarar frå 1.-4. klasse.
Alle interesserte spelarar som går i 1.-4. klasse er inviterte til keepertrening lørdag 27. april kl. 12-13.30. Trenar for keeperane er Ørjan Solheim. Her vert det fokus på grunnleggjande ferdigheter keeperar treng, som til dømes grep, fallteknikk og fotarbeid. Første økt 13. april var vi 9 spelarar som deltok på keepertrening.
Etter keepertreninga kan dei som ønskjer det vere igjen å spele fotball, skyte på mål e.l. Ørjan blir igjen og gir tilgang til ballar og utstyr, heilt til bana er tom.
Velkommen til årets andre keeperøkt :)